Heim

"Me legg att noko av kånn sjølv på stader me reiser ifrå.

Ting me bare finn att om me dreg tilbake for å sjå."

 

JON SOLBERG

Låtskriving er min bensin for å halde på med musikk. I ein song kan ein synge ting det ikkje er så enkelt å få sagt på andre måtar. Musikken gjev orda oppdrift og kjenslene vinger. Eg likar ordet "låtsmed" fordi det gjev eit hint om at musikken min har røter. Det er bra å nå ut, men det beste er å nå inn."

Så lenge toget fløyter

 

Så lenge toget fløyter er det stader å reise te

og fine ting som vinkar langs skinnene

Draumane dine kjem nærmare og nærmare

Så lenge toget fløyter er det stader å reise te

 

Så lenge du trur kan du få te store ting

Gjeng du jamnt, kjem du lenger enn ein som spring

Det er bra å nå ut, men det beste er å nå inn

Så lenge du trur kan du få te store ting

 

Så lenge hjertet slår kan du alltid vera ein venn

Bygg ei ny om den gamle brua brenn

Du ramlar for å lære å reise deg opp igjen

Så lenge hjertet slår kan du alltid vera ein venn

 

Me legg att noko av kånn sjølv på stader me reiser ifrå

Ting me bare finn att om me dreg tilbake for å sjå

Og plutseleg finn du ei med

augur som himmel'n heime

 

Så lenge toget fløyter er det stader å reise te

og du veit at me er mange som savnar deg

Me ventar på deg, me har deg alltid i tankane

Så lenge toget fløyter er det stader å reise te

 

Øvingsopptak av ei ny låt som Anders Røine og eg spela inn i studioet mitt i Bø 11. mai 2017. Anders spelar langeleik. Eg tenkte på ungane mine da eg skreiv låta, men den gjeld vel for meg og alle.

BOOKING: Øystein Akselberg | Mob: 906 38 453 | E-post: oystein(at)kulturservice.no

 

www.jonsolberg.no | Copyright @ All Rights Reserved