Biografi

BAKGRUNN

Jon Solberg 6 år

Heilt frå eg var liten har eg lika musikk med innhald. Tekstar å kjenne seg att i. Melodiar å synge med på. Låtar som har noko å melde, noko på hjertet. Den gongen var det Knutsen og Ludvigsen og Lillebjørn Nilsen som gjorde sterkast inntrykk. Seinare kom gitarkameratane, folkemusikken og dei svenske visesongarane pappa hørte på, og listepopen til dei eldre søstrene mine. Eg fekk dosa mi med Ti i Skuddet og Vidar Lønn, hit-låtar eg tok opp på kassett for Liv, mellomste storesøster, for 50 øre låta. "Wake me up before you go-go". Det var ikkje så verst butikk. Eg skreiv musikkoppgåve om The Beatles i 6. klasse med nabogutta, Jon og Helge, og laga utstoppa Metallica-logo i 8. klasse. Ungdomsskulen handla stort sett om fuzz-gitar og trash metal. Eg spurte eldste storesøster om hjelp til å finne riktige gitarsolotonar der det gjekk for fort unna (dette var før youtube og ultimate-guitar-tabs), og eg lånte mammas ordbok for å forstå dei tøffaste tekstane. "Your life burns faster. Obey your Master". Utan Metallica hadde eg aldri klart å karre meg til ein M i Engelsk. Den fyrste låta eg kan hugse eg laga heitte Kjøttkaker er godt, og medkomponist var gitarkompis Sveinung. Me var 11 år.

 

Eg blei lest for da eg var liten. Ikkje bare litt. Ekstremt mykje! Og lenge etter at eg lærte å lese sjølv. Asbjørnsen og Moe, H.C. Andersen, Hobbiten, Ringenes Herre, Astrid Lindgren, Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane, you name it. Det var stort sett pappa og farmor og farfar som stod for lesinga. Farmor fortalte også talrike historier frå gamledagar. Nokre var sanne, og andre dikta ho på sparket. Det er kanskje ein av fordelane med å vera attpåklatt, slik eg er. Alle har tid att. Eg trur nok at all høgtlesinga har bidratt til at eg i dag er ekstra glad i historier. Romanar, noveller, filmar, seriar og dokumentarar. Men det beste av alt er låtar som fortel meg noko. Historiefortellerar som Bob Dylan, Tom Waits, Bruce Springsteen, Guy Clark, Steve Earle, Dolly Parton, Lucinda Williams, Nick Cave, Townes Van Zandt, Joni Mitchell og Gillian Welch har lenge stått høgt i kurs for meg. Musikk med røtar og tekstar med innhald. Eg er glad i Alf Prøysen fordi han sa store ting med enkle ord. Han er eit forbilde for meg og mange.

 

Sidan 11-årsalderen har det gått slag i slag. Eg sprang orientering og øva på Mark Knopfler-soloar fram til eg var 20. Så kom Martin Eriksen frå Boogie Cats slengande med ein Hellbillies-kassett, og eg måtte prøve meg på soloane til Lars Håvard Haugen. Tekstane til Arne Moslåtten gjorde også eit solid inntrykk. Eg kjøpte dobro-gitar etter å ha hørt Keb Mo i 1996, og banjo i 2001 etter ein bluegrass-konsert på Station Inn i Nashville. Eg arva lap steel-gitaren til svigerfar i 2002, så eg kunne skli rundt på Hank Williams-låtar mens eg skreiv hovedfagsoppgåve om rockabilly-gitaristen Brian Setzer. Eg fingerspela meg gjennom Chet Atkins og Merle Travis etter beste evne, og var hekta på det meste av 50-tals-rockabillyen. Scotty Moore (gitaristen til Elvis), Cliff Gallup (gitaristen til Gene Vincent) og Eddie Cochran var og er stjerner på gitarhimmelen min.

 

Fela kom seinare. Pappa og søster Veslemøy spela litt hardingfele til husbruk da eg var liten, men det beit ikkje riktig på. Det var først etter ein konsert med Warg/Buen i 2009 eg bestemte meg for å gje fela eit ærleg forsøk. Daniel og Per Anders trampa takta så pakkbua på Oterholt i Bø rista og skalv. Endeleg forstod eg kva folkemusikk verkeleg var for noko, og springartakta slo ned som lyn frå klar himmel. Eg starta på mammas gamle flatfele, fortsette på Knut Dales hardingfele, og endte opp med å bestille ei Ottar Kåsa-fele. Ottar er også den spelemannen i Bø eg har lært mest av. Eg var med på øvingar i spelemannslaget Bøheringen eit par år, og håpar å kunne vera med att, når tida strekk til. Det gjeng ikkje an å vera musikar frå felebygda Bø i Telemark utan kunne dra nokre slåttar.

 

Anders Røine, som er med meg på mange solokonsertar, presenterte meg seinare for dei amerikanske folkemusikarane og felefantoma Tommy Jarrell og Bruce Molsky. Dermed var det gjort. Eg har omtrent ikkje spela anna enn amerikansk sørstatsfele etter det. Folkeleg musikk, proppa med sjel og groove, som smakar av både folk og blues og country. Molsky har spela og heldt kurs i Norge fleire gonger, og eg møtte han på Rauland Vinterfestival i 2013 og 2016. For meg er det Bruce Molsky og Bruce Springsteen, så eg var alt for starstruck på bildet som Knut Utler tok.

 

Vitsen med å lære å spele ulike instrument har heile tida vore å kunne bruke dei til å skrive og framføre eigne låtar. Om ein samanliknar det å vera musikar med å kjøre bil, er for meg låtskriving bensinen, instrumentbruken rattet, motoren er å lage plater, og turboen er å stå på scena foran publikum. Ei fele kan styre ei vanleg vise langt ut på ukjente sidevegar. Banjoen tek deg med ut av bilen og oppover stien til leirbålet. Kassegitar er for lengst stovereint. Sjølve bilen, karosseriet og rutene, kan vera ein Mazda 323 eller ein Opel Corsa eller ein Volvo V50, eller kva som helst, eigentleg. Eg er ikkje så god til å mekke. Det viktige er at bilen ikkje blir polert og vaska for ofte.

Om meg

Eg er født i 1976 og kjem ifrå Bø i Telemark. Etter nokre studieår i Oslo, Trondheim og Kristiansand, flytta eg heim att til Bø i 2004. Året før ga me ut den fyrste plata med bandet som seinare fekk navnet Ni Liv. Den gongen var me ein trio med navnet Jon Solbergs Bygdabilly Band, og plata heitte Da eg og bestefar var små. Sidan da har me laga 8 album.

 

Eg er ein strengemusikar som byrja å spele på pappas kassegitar da eg var rundt 10 år. I tillegg spelar eg fele, banjo, lap steel og andre ting med strengar som lagar låt. Eg er også ein bandmusikar. Ingenting slår å spele i band. Det var slik eg lærte å vera musikar da eg var liten, og det er slik eg lærer nå. I et band, stort eller lite, er ein del av noko større enn seg sjølv, og summen av ein kompisgjeng med ulik musikalsk og menneskeleg bakgrunn kan i beste fall bli noko heilt fantastisk. I pausene på bandøvingar vil alle prøve instrument dei ikkje kan spele på. Det betyr at eg ikkje kunne unngå å lære meg litt trommer og piano og bass. Bortsett ifrå ein 17. mai-skarptrommetur med ungdomskorpset i Bø for nokka år sidan, har eg aldri spela i korps.

 

Eg har ei søster på Rjukan, Liv Solberg Andersen, som er kunstnar, og ei på Konnerud, Veslemøy Solberg, som eg ga ut albumet Røter saman med, og som er songar og låtskrivar. Liv laga cover-bildet på Røter.

 

I 2013 bygde eg et 20 kvadrat stort musikkhus og studio i hagen, med god hjelp av naboen Jan Kristoffersen og tømrar Jon Jordheim som nesten smiler på bildet. Der spela eg inn 3 låtar på Svarteper-plata, der laga me Ugras-plata Ugras, og der kan eg boltre meg etter alle kunstens reglar, som det heiter. Eg har også miksa mange låtar der, både for Ni Liv og Ugras, i enkle og perfekte forhold.

 

I tillegg til å vera musikar og låtsmed er eg gitarlærar for 20 ungar i Sauherad kommune, fotballtrenar for den eldste sønnen min på Skarphedin G13, skiløypekjørar for Breisås løypetråkkarlaug, periodesnekker, avdanka orienteringsløpar, tidlegare ungdomsskulelærar, evig ung snowboard-entusiast, evig lei web-pragrammerar og skapforfattar.

 

Det kjem nokre nye sololåtar i løpet av 2017.

Jon Solberg / Foto: Kristoffer Mosfjeld

BOOKING: Øystein Akselberg | Mob: 906 38 453 | E-post: oystein(at)kulturservice.no

 

www.jonsolberg.no | Copyright @ All Rights Reserved