Musikk

OM "SKUFFESONGAR" OG SVARTEPER

Ikkje alle låtane eg skriv finn seg til rette i banda eg spelar i; Ni Liv og Ugras. Dei blir liggande i skuffen og rope etter hjelp. Ettersom åra går, hoppar dei ut av seg sjølv, ein etter ein, og vil ut i verda. Dei vil fortelje historia si. Slik blei Svarteper til, mi fyrste soloplate. Eg elskar å dundre rundt på scena med Ni Liv og få glade publikumerar til å synge og hoppe, men eg elskar au å sitta ned på ein stol med gitaren i fanget og synge sololåtane mine. Det er slik eg er laga.

 

På Svarteper hadde eg med meg ein super musikargjeng i studio. Dei farga songane med sitt spel og sine idear, og arrangementa er like mykje deira som mine. Anders Røine på langeleik og munnharpe, Stian Dalen på dobro og gitar, Jan Birger Akerhaugen på gitarar og Håkon Aase på fele og piano. Knut Eirik Hult frå Ugras la basstonar på 3 av låtane i heimestudioet mitt i Bø.

IKKJE SLUTT Å BRY DEG

(Jon Solberg)

 

Videoen er ifrå innspelinga av låta i studio, hausten 2013. Stian Dalen sit til ventsre og Jan Birger Akerhaugen til høgre. Songen handlar om ein god venn av meg og mange i Bø som ikkje er blant oss lenger.

 

OMTALER

av albumet Svarteper

 

 

Mer enn noen gang har en av landets fremste låtskrivere levert varer som gjør hodet litt klokere og hjertet litt varmere. [...] Som en gammel og klok venn som stikker innom for å fortelle noe som ligger ham på hjertet, mens kaffen traktes.

- Olav Solvang, Vårt Land

 

Enten han synger om å bry seg, om å være cowboy, forteller historier eller synger til egne barn, kjæresten eller lytteren, så har han noe å melde. "Tusen tomme ord" heter åpningssangen. Det er ikke mange tomme ord i disse sangene.

- Helge Ottesen, Varden

 

Dette kler han bra. Det er noe annet enn med gruppa, samtidig som det er en tydelig Solberg-signatur over musikken. Det er en plate med et alvorlig anstrøk, og en litt mer melankolsk side av musikken hans. Jeg syns det var veldig mange fine melodier på denne plata.

- Finn Ulrik Berntsen, Norsk på Norsk

 

Solbergs beste utgivelse til nå, en hvor tekstene hans virkelig kommer til sin rett. Telemarkingen skriver godt, nemlig.

- Roy Søbstad, Fædrelandsvennen

ALBUM

SVARTEPER

Release 6. aug 2015 | Grammofon | HØR | KJØP

14 låtar frå skrivebordsskuffen. Opningslåta Tusen tomme ord blei lenge spela på Nrk P1s A-liste. Dette er ikkje ei pop-plate. Dette er ei viseplate. Ei nedstemt, naken og, til tider, røff viseplate. Det handlar fyrst og fremst om tekstar med musikk innat, ikkje musikk med ord som rimar. Og tekstane handlar om livet på godt og vondt, kjærleiken og det midt imellom, slik alt eg skriv gjer.

 

Låtar: 1. Tusen tomme ord 2. Elt e mitt 3. Pappa kjøpte orgel 4. Brenne mi siste bru 5. Regel nr. 1 6. Svarteper 7. Skurk og helt 8. Kjære Inger 9. Stålstrengsolnedgang 10. Sweet old world 11. Kom heim 12. Ikkje slutt å bry deg 13. God som ny 14. Så lenge du vil

RØTER

Release 24. nov 2014 | Nordicae | HØR | KJØP

Dette albumet ga eg ut saman med søster Veslemøy Solberg. Me spela inn gamle tekstar skrive av forfedrene våre, heilt tilbake til tippoldefar John Lie frå Fyresdal. Nokre av visene har me skrive sjølve, og Sven Ohrvik har laga melodi på nokre. Vintervise låg fleire veker på Nrk P1s A-liste. Teksten til Vintervise skreiv pappa, Olav Solberg, på 1980-talet, og eg laga ny melodi på sengekanten under innspelinga hos søster på Konnerud.

 

Låtar: 1. Til Telemark 2. Meg eg var liten 3. I skogen 4. Timmerflåten 5. Hei-vise 6. Ein sumardag 7. Tusenstengfela 8. Vintervise 9. Stor 10. Så lenge du vil 11. Under himmelen

BESTILLINGSVERK

Det hender eg blir spurt om å lage ein song eller ein spesiell konsert for ein festival, eit lag eller ei forening. Det er ei artig utfordring. Her er noko av det eg har laga og vore med på:

 

2016 Songen Bø Blad for lokalavisa Bø Blad

2016 Songen Ta heile Norge i bruk for Telemark bondelag

2014 Songen Fele-Ola for Telemarkfestivalen

2012 Songen Timmerflåten for Viser ved Kanalen

2012 Songen Eg likar deg for Viser ved Kanalen

2011 Konserten Prøysen-folk for Telemarkfestivalen

2008 Konserten Ni Liv karter kongen for Kartfestivalen

2007 Songen Tri poeng for Skarphedin fotball

2006 Songen Eple-ein, eple-to epletre for Norsk Eplefest

BOOKING: Øystein Akselberg | Mob: 906 38 453 | E-post: oystein(at)kulturservice.no

 

www.jonsolberg.no | Copyright @ All Rights Reserved