Presse

 

Foto: Jarle Sten Olsen

 

Foto: Knut Utler

 

Foto: Knut Utler

PRESSEBILDER

 

 

PRESSESKRIV

 

 

Ny CD 9. mars 2018

 

Jon Solberg: Så lenge toget fløyter

 

Jon Solberg er kanskje aller mest kjent som frontfigur og låtsmed i bandet Ni Liv, men står også fjellstøtt som soloartist. Han har hatt over 15 låtar på NRK P1s nasjonale spelelister, han er nominert til Spellemann-pris, og han har gitt ut ei lang rekke CD-ar – nå sist soloalbumet Svarteper (2015.)

 

Jon Solberg har ei eiga evne til å sjå det store i det små – til å skrive

fram ei tydeleg verd som vi kjenner oss igjen i, men som vi likevel

ikkje har høyrt om før. Og som komponist skapar han musikalske

stemningar som sit att i sjela lenge etter at gitaren er pakka vekk.

 

«Mer enn noen gang har en av landets fremste låtskrivere levert varer

som gjør hodet litt klokere og hjertet varmere», som Olav Solvang i Vårt Land formulerte det etter lanseringen av Jons første soloalbum.

 

«Låtskriving er min bensin for å halde på med musikk, og for å lære meg å spele på ulike instrument som gitar, banjo, fele trommer og munnspel. Eg har alltid laga låtar. Det var slik det starta, og det er slik det har heldt fram.

I ein song kan ein synge ting det ikkje er så enkelt å få sagt på andre måtar. Musikken gjev orda oppdrift og kjenslene vinger. Eg likar å kall meg «låtsmed» fordi det gjev eit hint om at musikken min har røter.

 

Det er bra å nå ut, men det beste er å nå inn.»

Jon Solberg

 

Dei fleste låtane på plata er spela inn live i studioet til Tor Magne Hallibakken på Nesbyen. Første smakebit kjem i januar, med lansering av singel og musikkvideo - Så lenge toget fløyter. Det blir plateslepp på Bø Jazzklubb 9. mars, og deretter turné.

 

Jon Solberg (vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar, munnharpe og perc.) har ellers med eit kobbel av dyktige musikarar på plata:

Anders Røine (langeleik, munnharpe, kor), Håkon Aase (fele, piano, perc.), Stian Dalen (dobro, barytongitar), Olav Torgeir Kopsland (elektrisk gitar), Eivind Aase (trommer, perc.), Anne Gravir Klykken (vokal på «Stille timar» og kor)

BOOKING: Øystein Akselberg | Mob: 906 38 453 | E-post: oystein(at)kulturservice.no

 

www.jonsolberg.no | Copyright @ All Rights Reserved