Stig på - Ny singel ute nå!
11. oktober 2024
Eg laga ei låt på oppdrag frå Telemarkfestivalen i Bø. Songen handlar om ei togreise, og er også ei helsing til jernbanen som i år har gått forbi Bø, tidleg og seint, i 100 år! «Gamle skinner, nye minner – STIG PÅ». Sjå heile teksten her: Stig på – tekst.
Stian Dalen spelar mandolin og dobro, søster Veslemøy Solberg korar, Tor Magne Hallibakken har fiksa lyden, Magnus Rakeng coveret og Øyvind Sauarlia på Grammofon gjev ut låta. Tusen takk, alle!
Et ønske - Nytt album i dag!
25. mars 2022
Anne Gravir Klykken og eg starta samarbeidet i byrjinga av 2021. Anne sendte da meg ei samling med eldre opptak av ulike folkemusikkutøverar i Telemark. Desse små versa og stubbane ligg som bakteppe for nyskrivne viser og arrangementer.
Håkon Aase spelar feler, Terje Meisingset spelar tangentar, Tor Magne Hallibakken har fiksa lyden og Øyvind Sauarlia på Grammofon gjev ut albumet vårt – Et ønske.
Jørånnatten - Ny singel i dag!
14. jan 2022
Ny og gamal musikk hand i hand frå Anne og meg i dag. I 1945 laga spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø springaren Jørånnatten. Saman med min nye låt om Bøs høgste topp blir det slik! Håkon Aase spelar feler, Terje Meisingset spelar tangentar, Tor Magne Hallibakken har fiksa lyden og Øyvind Sauarlia på Grammofon gjev ut singelen vår!
Heile albumet Et ønske kjem 25. mars!
I 2013 hopa det seg opp med låtar i skuffen på skrivebordet eg arva etter farfar. Låtar eg lika godt, men som ikkje passa heilt inn i Ni Liv-verda. Ingen songar trivast i ein skrivebordsskuff. Dei vil ut og fortelje historia si. Derfor bestemte eg meg for å lage ei soloplate.
Men aller fyrst spela søster Veslemøy Solberg og eg inn albumet Røter (Nordicae, 2014) – med god hjelp av Sven Ohrvik. Røter inneheld nytt og gamalt frå slekta vår i fem ledd bakover.
I 2015 kom mi fyrste soloplate, Svarteper. Så kom det enda ei i 2018, Så lenge toget fløyter. Begge gjevne ut på Grammofon. I 2021 starta eg samarbeidet med songar Anne Gravir Klykken frå Skien. Me har skrive ny tekst og musikk med utgangspunkt i gamle opptak av folkemusikkutøverar i Telemark. Anne og eg skal i studio i november 2021, og albumet kjem litt ut i 2022.
«… en av landets fremste låtskrivere leverer varer som gjør hodet litt klokere og hjertet litt varmere.» (Vårt Land)