Med eg var liten
T: John LieM: Trad.
Fra albumet Røter (2014)
Eg var liten, sat med åren mang ein myrke vinterkveld
Varmt i stoga, var som våren, tyri brann så ljost på eld
Katten sat i benkjen, dubba, var så glade at han mol
Bestemor ho sat og rugga i sin store kubbestol
Bestemor ho var så gilde til å seia eventyr
Bare ho ville, bare ho ville, kunne ho tala om alle dyr
og om nykk og troll i nutar, om fortrolla slott og møy
Og om sterke, spræke gutar som slo troll som ljåen høy
Om sin ungdom au ho tala, om hått hennar då ha hendt
Om når ho som hjuring hjala, om når ho til dans har rent
«Då var gutar, då var jentur», sa ho, «sprækare hell no
Sterkare og meir med lentur, så det var ei lyst og sjå!»
Gjekk eg burt og gjorde meg mjuke, sa til gamle bestemor:
«Eg skal aldri meire stuke uppå benkjer hell på bord»
Bare ho ville, bare ho ville meg fortelja lite grann
Så var ho så hjarte snille, og så upp med henne eg vann