tekstar-print

Vintervise

T: Olav Solberg d.e.
M: Jon Solberg
Fra albumet Røter (2014)

Dei seier at vinteren er hard
Det blømer ikkje blomar i januar
Dei heitest at kulde og kuling og sno
gjer frosen til sinns og frosen i blod
For mørket heng over åsar og fjell
Og snart er det kveld

Men er det nå verkeleg slik
at vinteren med kvelande fangtak deg svik?
Nei, vinteren bit deg så kjærleg i sinn
og skjenker deg nysprungne roser på kinn
Den svarar med venleg knirk på ditt steg
på vinterleg veg

Og vinter er sol over snø
med ungar som leikar på kvitkledde bø
Ei løype legg vegen mot skogen, men snur
ved huset det vaktmeister Haugland bur
Han vinkar til deg der du susar forbi
og kjenner deg fri

Og vinter gjev kvile i sinn
Den lange kvelden er bare din
Ei bok framfor peisen, ein gamal gitar
På deg har dei venta, det er vener du har
Ja, vinteren med kveldar, med sno og med ski
den gjev deg tid