Stig på
Jon SolbergFra albumet Stig på (SINGEL) (2024)
Ho stenn på perrongen med kuffert og sekk
Bygda blei for trong, ho må vekk
Regn i håret, sku’ vore brur
Men ho må heim te Bø, ingen retur
Toget e fullt av trøtte fjes
Over midtgangen sit ein far og les
I augunn te dottera på åtte ell’ ni
ser ho tjuge år tebake i tid
Stig på
Stig på
Stig på
Ta plass, for reisa bynnar nå
Stig på
Stig på
Gamle skinner, nye minner
Stig på
Han stenn i spisevøgna og ventar i kø
Ser på klokka, tri kvarter te Bø
Veit ‘kje hått han skal bli, må studere fysst
Men han veit hått han e, kaffetysst
Ute ser’n ein kar med hekkesaksa si
Ein kvist og ein te, han har god tid
Lut i ryggen, ein gamal mann
Måtte manne seg opp før hekken vann
Stig på…
Ho har ofte bestemt seg og gjort ingenting
Nå ser ho ut ruta, bygda forsvinn
Ho har grua seg, var kvalm att i natt
Skinnerytmen lokkar augunn att
Han betalar for kaffen, ser ein pråm i ei vik
Det dyrt å vera fattig, kan ‘kje helde på slik
Så stenn’n ved setet som ei statue
og ser på jenta som sev der ved sida seg
Ho drøymer om elt ho dreg ifrå:
Om han som stakk, om den vesle ho skal få
Han hugsar det mor hans sa:
«Ha Gud i hjertet, så kjem elt te å bli bra»
Ho vaknar brått, ho ligg på skrå
og tenker: «E det ei skulder eg gviler på?»
Ho sett seg opp, flau og treg
Han sier: «Eg tørte ‘kje vekke deg»
Ho sku’ hugse det som ei open grind
te et gult hus mellom hegg og syrin
Han sku’ hugse at jorda spann
På toget som ein guttunge, av som ein mann
Stig på…
Dom stenn på perrongen, han og ho
Sku’ av i Bø båe to
Her e sota liv bak sota glas
Ein 240 med vekselbass
Men dom merkar bare ein sommarbris
Dom veit båe to, treng ‘kje bevis
Som å setta utfor et ovarenn
når han spør: «Kan eg sjå deg igjen?»
Stig på…