Hei-vise
T: John LieM: Trad.
Fra albumet Røter (2014)
Gjentur og gutar, sjå desse nutar
Dei er av godt pålitelegt grjot
Storlegne, håge gjer dei oss fjåge
Kveikjer vår kropp og styrkjer vårt mot
Hågt upp i heidi midtsumars tid
Der er me glade, friske og fri
Venleik me vinne, helsebot finne
rikleg på flæ og fly
Sol yver tindar, leikande vindar
Moltur i myr, og blømande lyng
Angande blomar, bjøllur som ljomar
Hjuringen lokkar, lalar og syng
Vent er i heidi høyra og sjå
Mjukt er på moseteppet å trå
Småbekkjer surlar, rjupurne kurlar
kallar på sine små
Grasgode myrar, tolv-fjorten byrar
Finaste høy me der kunne slå
Bjørkarne bruskar, lauvrike duskar
Heggen og raun med blomarne små
Uppunder nuten saman seg krur
Glade dei gror i lid og i ur
Alt står i brage pryda i lage
liksom ei fager brur